Fiskeri- og havministeren til Skreikonferansen på Myre

Nærings- og fiskeridepartementet

Fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran deltek på Skreikonferansen under Vesterålen Skreifestival torsdag 31. mars. I tillegg besøker Skjæran Kystvakta og ei rekke bedrifter på Myre, Sortland og Melbu.

– Skal vi klare å skape attraktive kystsamfunn i framtida, må tilgangen på fisk vere stabil og vi må foredle meir av fisken her heime. Det er fleire aktørar, både i Vesterålen og langs kysten elles, som går føre og finn innovative driftsmodellar og gode berekraftige løysingar for å auke verdiskapinga. Det gleder eg meg til å høyre meir om, seier fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran.

Les også:  Felles front mot utenforskap i Nordland

Fiskeri- og havministeren startar programmet sitt i Vesterålen med eit besøk hos Myre Kystdrift og Myremar som presenterer deira nye kombinasjonsfartøy for både havbruk og fiskeri.

Etter Skreikonferansen besøker Skjæran òg Merkevareforeninga Norsk Hval, før programmet fortset med besøk hos bedrifter på Myre, Sortland og Melbu fredag 1. april.

Please follow and like us:
Pin Share

Anbefalt for deg

Om skribenten: Gunnar Andreassen

Forfatter og tidl. redaktør i Aftenmagasinet, Nordlandsposten.no og Ranaposten.no. Journalist og skribent i Bodøposten.no samt andre nyhetssider og blogger.