Promotering av norsk sjømat og møter med kinesiske styresmakter og norske bedrifter står på programmet når næringsministeren og fiskeri- og sjømatministeren besøker Kina neste veke.
– Kina er Noreg sin viktigaste handelspartnar i Asia. Med sine 1,4 milliardar innbyggjarar er landet ein svært viktig marknad for norske bedrifter, seier næringsminister Torbjørn Røe Isaksen.
Både han og fiskeri- og sjømatminister Harald T. Nesvik besøker Kina neste veke.
– Regjeringa jobbar for å auke sjømateksporten til Kina. Vi treng føreseielege rammer for handelen, og dette er eit av temaa eg vil ta opp når eg møter mine kinesiske motpartar, seier Nesvik.
Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen møter viseminister Wang Schouwen i det kinesiske handelsdepartementet (MOFCOM) og deltek mellom anna på norsk næringsliv si kraftsamling i Shanghai, Norway Asia Business Summit (NABS). Næringsministeren møter også norske studentar, gründerar og fleire verksemder som er til stades i Kina.
Nesvik startar sitt besøk i Qingdao tysdag 29. oktober. Her skal han delta på Norway-China Seafood Summit, som blir arrangert av Sjømatrådet.
Onsdag deltek Nesvik på China Fisheries & Seafood Expo, som er ei av dei største sjømatmessene i verda. Det er den kinesiske viselandsbruksministeren Yu Kangzhen som er vertskap. Saman skal dei besøke bedrifter på den norske paviljongen, som er i regi av Innovasjon Noreg.
Torsdag skal Nesvik møte viseminister Zhang Jiwen i General Administration of Customs China (GACC). Nesvik signerte to avtalar då den kinesiske tollministeren besøkte Noreg i mai: Ein lakseavtale, og ein om handel med fiskemjøl og –olje som inngår i fôrproduksjon.
Tema for møtet mellom Nesvik og viseminister Zhang er utvikling i bilateral handel for sjømat mellom Noreg og Kina.