Fiskeri- og sjømatministeren til Lofoten

Nærings- og fiskeridepartementet

Skrei, tang, kval og tørrfisk står på menyen når fiskeri- og sjømatminister Geir-Inge Sivertsen besøker Leknes torsdag og Svolvær fredag.

– Det er skreisesong, og då er Lofoten staden å være. Eg ser fram til å møte næringa langs kysten og til å feire nasjonalfisken vår, seier Sivertsen.

Fiskeri- og sjømatministeren startar torsdagen på Lofotprodukter, ein del av Insula-konsernet som satsar på foredling av sjømat av høg kvalitet, før han skal besøke den lokale gründerbedrifta Lofoten Seaweed, som lager produkt av tang og tare. Om kvelden skal han halde innlegg og delta på NHO Nordlands skreimølje.

Les også:  Nordisk Bocuse d'Or-suksess med norsk sjømat på menyen

Fredag går turen først til den familieeigde bedrifta Ellingsen Seafood på øya Skrova, som driv med lakseoppdrett, kval og tørrfisk, og vidare til forskings- og rådgivingsbedrifta Salt.

– Denne regionen har livnæra seg av havet i mange hundre år. Breidda av desse verksemdene visar korleis tradisjonane både blir tatt vare på og utvikla vidare, seier fiskeri- og sjømatministeren.

Please follow and like us:
Pin Share

Anbefalt for deg

Om skribenten: Redaksjonen

Redaksjonen i Bodøposten.no består av 8 skribenter. Redaksjonen publiserer nyheter skrevet av redaksjonen, leserne eller tilknyttede pressetjenester.