Vil ha internett i Arktis

arktis

Det er i dag dårlig og ustabil breibandsdekning i nordområda. No vil regjeringa at Arktis skal få breibandkommunikasjon med norskeide satellittar.

Space Norway AS har sidan 2015 arbeidd med å etablere satellittbasert kapasitet for breibandkommunikasjon i nordområda. Space Norway sitt prosjekt baserar seg på ei løysing med to satellittar, som vil gje dekning 24 timar i døgnet i området nord for 65. breiddegrad. Satellittane har ei venta levetid på 15 år. Om alt går etter planen, skal satellittane skytast opp i 2022.

– Raskt og stabilt internett er viktig for dei som driv aktivitet i nordområda, enten det gjeld skipstrafikk, forsvar, fiskeri eller forsking, seier næringsminister Torbjørn Røe Isaksen (H).

Les også:  Krever helsehjelp til barnevernsofre

For å komme vidare i forhandlingar med kundar, leverandørar og bankar, treng selskapet no ein lovnad om at staten som eigar vil medverke med eigenkapital på rundt 1 milliard kronerdersom selskapet klarar å forhandle fram gode avtalar.

Regjeringa foreslår difor å gje eit betinga tilsegn om om rundt 1 milliard kroner i eigenkapital til Space Norway AS for å realisere dette prosjektet. Det betyr at staten vil medverke med eigenkapital dersom Space Norway landar avtalar som mellom anna sikrar at prosjektet er forretningsmessig lønsamt. I tillegg skal marknadsrisiko bærast av kundane gjennom at inntekta til prosjektet er sikra for heile satellittane si levetid.

Les også:  LESERINNLEGG: Aldri før har så mange spist så mye kake for så lite

– Space Norway AS sitt prosjekt representerer ein spannande moglegheit til å få dekka samfunnet sine behov for breibandkommunikasjon til ein låg kostnad for staten. I tillegg vil eit solid kommunikasjonssystem legge til rette for auka verdiskaping i nordområda, seier Røe Isaksen.

– Nordområda er Noreg sitt viktigaste strategiske ansvarsområde. Det er difor naturleg at vi tek ei leiande rolle for å få etablert betre kommunikasjon i området, seier utanriksminister Ine Eriksen Søreide (H).

Les også:  Dronebase på Andøya: – Et kjempeløft for forsvaret

Dårleg dekning i nordområda skapar utfordringar for ivaretaking av sikkerheit- og beredskapsrealterte myndigheitsoppgåver som sjøredning, oljevern og krisehandtering. Ikkje minst har Forsvaret behov for stabil og sikker kommunikasjon ved operasjonar i norske farvatn.

– Space Norway sitt prosjekt er viktig for det norske Forsvaret, og kan også dekkje behova til våre allierte, seier Forsvarsminister Frank Bakke-Jensen (H).

Please follow and like us:
Pin Share

Anbefalt for deg

Om skribenten: Redaksjonen

Redaksjonen i Bodøposten.no består av 8 skribenter. Redaksjonen publiserer nyheter skrevet av redaksjonen, leserne eller tilknyttede pressetjenester.