Ny bok: Anne Marit Jakobsen gir ut boken «Ro mitt hav»

samlaget

Anne Marit Jakobsen har valt seg det aller beste frå Jon Fosse sin lyrikk i boka Ro mitt hav. Sidan 1986 har Fosse gitt ut ei rekkje diktsamlingar, blant anna Engel med vatn i augene, Auge i vind, Songar og Stein til stein.


I lyrikken til Fosse er det fjord og fjell, regn og mørker, bølgjer og hav, hundar og englar. Fortid, notid og framtid er slyngde saman, og grensa mellom liv og død er gjerne viska ut. På spørsmål om korleis ein skal lese dikta, har Fosse sagt: «Det er berre å lesa dei. Anten høyrer ein den tause musikken, elles så gjer ein det ikkje.»

Les også:  MUSIKK: deLillos og No. 4 slipper "Juletrær, nysnø og Jesus"

No har skodespelaren Anne Marit Jacobsen gått gjennom alle dikta til Jon Fosse og valt ut dei ho likar aller best. Jacobsen er ein av dei fremste Fosse-formidlarane her i landet. Særleg kjend er ho for tolkinga av Jon Fosses roman Morgon og kveld på Nationaltheatret. Oppsetjinga blei ein stor suksess og hausta glitrande kritikkar.

– Det er ingen grunn til å vere redd for Jon Fosse, seier Anne Marit Jacobsen. Boka inneheld eit forord der Jacobsen fortel om si oppleving av Fosses diktarunivers.

Les også:  Årets julehefter har leseglede for hele familien

Denne hausten vert Jon Fosse 60 år, han er eit av hovudnamna på bokmessa i Frankfurt og vert feira med festivalar i både Oslo, Bergen og Strandebarm.


Anbefalt for deg

Om skribenten: Redaksjonen

Redaksjonen i Bodøposten.no består av 8 skribenter. Redaksjonen publiserer nyheter skrevet av redaksjonen, leserne eller tilknyttede pressetjenester.