380 millionar kroner i mediestøtte i fjor

aviser

Medietilsynet fordelte i alt over 380 millionar kroner til ulike former for mediestøtte i 2018. Støtteordningane skal bidra til å sikre mediemangfaldet her i landet. I dag legg kulturministeren fram ei ny stortingsmelding om mediestøtte.


– Vi er glad for at mediestøttemeldinga nå blir lagd fram, og ser fram til gode diskusjonar om korleis mediestøtta på best mogleg vis kan bidra til å sikre mediemangfaldet framover, seier direktør Mari Velsand i Medietilsynet. Kulturminister Trine Skei Grande presenterer meldinga på landsmøtet til Landslaget for lokalaviser (LLA) i Drammen fredag.

Les også:  SubConnected vil elektrifisere norsk oppdrettsnæring

Mediestøtteordningane som Medietilsynet forvaltar er produksjonstilskott til nyheits- og aktualitetsmedium, tilskott til lokale radio- og tv-aktørar, innovasjonsstøtte, støtte til samiske aviser og distribusjonstilskott til avisene i Finnmark. Medietilsynet fordeler også støtte til medieforsking og etterutdanning.


Anbefalt for deg

Om skribenten: Redaksjonen

Redaksjonen i Bodøposten.no består av 8 skribenter. Redaksjonen publiserer nyheter skrevet av redaksjonen, leserne eller tilknyttede pressetjenester.